fredag, juni 09, 2006

Trondhjemske postvei

I dag ligg jobben i Åsane. I finveret er det freistande å prøva den gamle postvegen med utgangspunkt i Bergen sentrum, gjennom Sandviken og vidare utover. Over Munkebotn er vegen køyrbar med bil. Det var faktisk biltrafikk over her ein gong i samband med at Eidsvågstunnelen vart utbetra. Men når eg er komen forbi Eidsvåg er det slutt på asfalten. I Glasskaret gjeld det å finna rette bakken der postvegen stig bratt oppover. Rundt eit tun og gjennom ei grind, og så er eg inne på den originale, gamle vegen. Innover her er det verkeleg berg- og dalbane. Ei informasjonstavle fortel meir om vegen nordover, som mellom anna går gjennom Åsane ved IKEA ( har du sett restar etter vegen der?) og vidare forbi Åsane gamle kyrkje. Eit lite stykke ligg vegen graskledd og fin. Men å sykla på postvegen oppover frå Glasskaret går ikkje. Stien er steinet og ujam, og eg har ein stri jobb med å løfta sykkelen oppover i det ujamne terrenget.

Så lysnar det i enden av skogen, eg må gjennom ei ny grind og oppover på god veg over ein teig med dyrka mark, som ikkje lenger er i aktiv drift. Eg snur meg ved treskiltet med posthornet og teksten "Den Trondhjemske postvei". Ein augneblink ser eg etter etter postmannen og andre vegfarande som gjekk forbi her i eldre tid, men fantasien strekk ikkje til. Sykkel brukte dei nok ikkje.

Ingen kommentarer: