søndag, juni 11, 2006

Sykkelrittet Bergen - Voss

I går gjekk det tradisjonelle sykkelrittet Bergen-Voss. Syklistane passerte Garnes i morgontimane, men eg gløymde å stå klar med kameraet slik eg hadde tenkt. Det ville vore interessant å sjå korleis dei hadde det etter ein god times sykling frå Bergen. I mangel av eige bilete av deltakarane har eg lånt eit arkivforto frå starten i Bergen sentrum. I det varme været er det ikkje rart at mange droppa den svarte, ekle sykkelbuksa denne gongen.

PS. Kan det ha skjedd ei forveksling her?

2 kommentarer:

syklisten - il ciclista sa...

Her har du verkeleg bomma med "arkivbiletet". Dette er syklistar som protesterer mot stadig aukande biltrafikk i storbyar som Madrid og Mexico City. Dei kjenner seg nakne i trafikken når dei ikkje blir respektert av bilistane. Har denne aksjonen også nådd Bergen, eller er dette eit ledd i Statens vegvesen sin "Bli sett"-kampanje?

Anonym sa...

Nei dette er ikkje starten på Bergen - Voss. Eg såg ingen som var så lettkledde.