tirsdag, juni 13, 2006

Sykkelbyen Åsane

E39 gjennom Åsane kløyver bydelen i to. Vegen er bygd etter motorvegstandard og er ein plasskrevjande barriere enten trafikken er stor eller liten. Inn mot bydelsenteret, tvers over vegen, må det byggjast ei gang- og sykkelbru som del av ein grøn tverrakse. Det er utfordringa alle er einige om. Sentrum må knytast betre saman med resten av bydelen, ikkje berre vera ein stad der bilane rår. Slik det er no kan det sjå ut som den grøne aksen er ein 3 m brei midtrabatt inne på motorvegen og eit vegetasjonsbelte på kvar side som fornektar at områda omkring er urbane bystrok på storleik med ein middels stor norsk by.

Sentrumsområdet i Åsane skal tena ein bydel med snart 40.000 innbyggjarar. Halvparten av desse kunne på mindre enn 15 min. ha sykla til bydelssenteret, bussterminalen som ligg der eller til fine turområde i ulike retningar. Potensialet er stort og mange tilhøve ligg til rette, men gang- og sykkelbrua og litt oppmerking elles manglar. Store delar av Midtbygda er flat og godt eigna for sykling. Like eins langs Steinstøvegen til Hylkje, når Eikåstunnelen er bygd. Ta opp utfordringa i Bergensprogrammet! Sjå på prioriteringane på nytt! Sats meir på Åsane! Gjer Åsane til sykkelby! La bydelen og Bergen få noko å vera stolte av her og!

Ingen kommentarer: