onsdag, juni 21, 2006

Bergen

Eg er klar for ferietur til sørlegare strok, og tek med nokre glimt frå min eigen ferieby, som på mange vis har mykje å by fram. På bekkalokk ser eg Bryggen, Bergenhus, Statsråden, Fløibanen og Ulriksbanen inngravert. Her er mykje å vera stolt over.


Turisten, fotgjengaren og syklisten legg merke til desse detaljane. Ikkje minst betyr fortauskantar og gatebelegg mykje for korleis ein opplever kvalitetar på staden ein er. Som syklist er eg glad for at fortauskantar og rennesteinar ved gangfelt og andre kryssingspunkt er nedsenka og utforma med tanke på oss som brukar hjul.

På bussperrongane i Olav Kyrresgate har ein til dømes mønster i gatesteinen å sjå på hvis ein må venta litt, og i byparken er det nyleg kome ny grus, maisgrus heiter det kanskje. Her vert det arbeidd med å gjera ferdig området rundt Musikkpaviljongen. Grusen ser ut til å verta "limt" til underlaget med eit slags asfaltlim.

Får eg sjå like fine kvalitetar i Barcelona, Port la Nouvelle, Montpellier, Collioure, Pineda de Mar og andre feriestader i sommar?
Har nokon av desse stadene like fine bekkalokk som Bergen?

Link: Ferien 2006

fredag, juni 16, 2006

Missing link

Retretten frå i dag tidleg var ikke lett å akseptera. Nytt forsøk igang på kveldtid, denne gongen med suksess. Gjorde unna turen Arna stasjon-Espeland - Bratland - Helldal - Sædal -Landås - Bergen på 1 time og 23 minutt. Aksel hadde rett. Det er kortare enn om Åsane. Utfordringa mellom Bratland camping og Grimen, Grimesvingane, gjekk unna på 4 minutt. På kveldstid litt før kl. 21 var trafikken bakfrå mindre truande. Gangvegen mellom Helldal skule og Sædalen var brutalt bratt. Første stykket opp frå gangbrua og skulenplassen er ei trapp, her måtte sykkelen løftast oppover.

Frå Rimibutikken i Sædalen og inn til sentrum hadde eg ein lett og fin tur. Nådde toget heim med god margin. Men spørsmålet som heng att er: Kva med Grimesvingane, " the missing link" ? Det må finnast ei løysing! Og skal eg våga turen ein gong til? (syklefrajobben søndag 18.juni)

Full retrett

Avstanden til jobben er kortare om du syklar Grimesvingane, seier Aksel, ein dag eg møter han på Arna-toget. Frå Helldal kan du ta vegen opp i Sædalen, er forslaget hans. På kartet finn eg ut at her kan det vera ca. 3 km å spara. Men kva med Grimesvingane? Det blir ei utfording. Her må det vera viktig å velja eit tidspunkt med lite trafikk.
I dag skal det skje. Ruta må prøvast. Eg tek sykkelen med på bilen for å vera tidleg framme der problemstrekninga er. Grimevatnet ligg der idyllisk og stille i morgonsola.

Skal eg ta sykkelen og setja igang? Trafikken er stor, og eg finn det tryggast å bruka bilen på ein rekognoseringstur bort til Grimen Camping før eg tek fram sykkelen. På ein del av strekninga er det faktisk gul stripe, men vegen er svingete og uoversiktleg. Å ta seg fram på sykkel med den trafikken som er her no, ser farleg ut. I ein sving finn eg ei lomme å stoppa i. Klokka nærmar seg 7, og tunge lastebilar, ein buss og ei rad matpakkekøyrar dundrar forbi. Brått skvett eg til. Mellom ein serie med bilar kjem ein vågal syklist i god fart langs vegkanten. Dette nærmar seg ekstremsport, og det har eg ikkje erfaring med.

For min eigen del er konklusjonen klar. Full retrett. Ta heller toget til byen!
Langs vegen attende til Arna stasjon ligg Haukeland stasjon. Stasjonsbygningen er i god stand og er ein attraksjon for dei som tek ein tur med Gamle Vossebanen. Eit sjølvsagt spørsmål melder seg. Kvifor må veterantoget gå heilt til Midttun og leggja beslag på ein skinnegang som er hardt tiltrengt som gang- og sykkelveg. På Midttun finst det ingen stasjonsbygning. Stasjonen på Haukeland er ein mykje finare endestasjon for veterantoget. Det er på tide at også jernbanen gjer full retrett på strekninga langs Grimevatnet.


Jernbanesporet mellom Haukeland og Midttun må bil gang- og sykkelveg. Dei høge kostnadene gjer andre alternativ heilt urealistiske. Sykkelturen langs Grimevatnet vil bli ei oppleving. Vegen vil bli eit suverent tilbod for dei som bur der, for dei som syklar til jobben og andre som vil ta turen "Ulriken rundt" på sykkel.

tirsdag, juni 13, 2006

Sykkelbyen Åsane

E39 gjennom Åsane kløyver bydelen i to. Vegen er bygd etter motorvegstandard og er ein plasskrevjande barriere enten trafikken er stor eller liten. Inn mot bydelsenteret, tvers over vegen, må det byggjast ei gang- og sykkelbru som del av ein grøn tverrakse. Det er utfordringa alle er einige om. Sentrum må knytast betre saman med resten av bydelen, ikkje berre vera ein stad der bilane rår. Slik det er no kan det sjå ut som den grøne aksen er ein 3 m brei midtrabatt inne på motorvegen og eit vegetasjonsbelte på kvar side som fornektar at områda omkring er urbane bystrok på storleik med ein middels stor norsk by.

Sentrumsområdet i Åsane skal tena ein bydel med snart 40.000 innbyggjarar. Halvparten av desse kunne på mindre enn 15 min. ha sykla til bydelssenteret, bussterminalen som ligg der eller til fine turområde i ulike retningar. Potensialet er stort og mange tilhøve ligg til rette, men gang- og sykkelbrua og litt oppmerking elles manglar. Store delar av Midtbygda er flat og godt eigna for sykling. Like eins langs Steinstøvegen til Hylkje, når Eikåstunnelen er bygd. Ta opp utfordringa i Bergensprogrammet! Sjå på prioriteringane på nytt! Sats meir på Åsane! Gjer Åsane til sykkelby! La bydelen og Bergen få noko å vera stolte av her og!

søndag, juni 11, 2006

Sykkelrittet Bergen - Voss

I går gjekk det tradisjonelle sykkelrittet Bergen-Voss. Syklistane passerte Garnes i morgontimane, men eg gløymde å stå klar med kameraet slik eg hadde tenkt. Det ville vore interessant å sjå korleis dei hadde det etter ein god times sykling frå Bergen. I mangel av eige bilete av deltakarane har eg lånt eit arkivforto frå starten i Bergen sentrum. I det varme været er det ikkje rart at mange droppa den svarte, ekle sykkelbuksa denne gongen.

PS. Kan det ha skjedd ei forveksling her?

lørdag, juni 10, 2006

Set bilen i garasjen og bruk sykkelen!


Bilen er komen for å bli, vert det sagt. Bil må dei fleste ha, men ein treng ikkje bruka han til alt. Set bilen i garasjen når du ikkje treng han og bruk sykkelen. Sykkelen er eit utruleg greit framkomstmiddel. Lite plasskrevjande i trafikken og når den er parkert, billeg, kan kombinerast med kollektivtransport og nyttig både til jobben og som trimaktivitet og turkamerat i fritida.
Bilen kan stå heime i garasjen. Bygg ein fin garasje og ta vare på doningen. Hvis du byggjer garasjen sjølv, kan du leggja litt av sjela di i arbeidet, gjerne eit gresk tempel om du vil, eller som som i dette tilfelle. Men er du av dei som vil ha ein dobbelgarasje som det berre er å montera opp, identisk med hundrevis av andre (garasjer.no), er eg meir betenkt. Kvitt deg heller med bilen (ein av bilane) og bruk garasjetomten til noko anna. Plant gjerne ein rhododendron. Om 30 år kan du delta i kokurransen om å ha den største.

fredag, juni 09, 2006

Trondhjemske postvei

I dag ligg jobben i Åsane. I finveret er det freistande å prøva den gamle postvegen med utgangspunkt i Bergen sentrum, gjennom Sandviken og vidare utover. Over Munkebotn er vegen køyrbar med bil. Det var faktisk biltrafikk over her ein gong i samband med at Eidsvågstunnelen vart utbetra. Men når eg er komen forbi Eidsvåg er det slutt på asfalten. I Glasskaret gjeld det å finna rette bakken der postvegen stig bratt oppover. Rundt eit tun og gjennom ei grind, og så er eg inne på den originale, gamle vegen. Innover her er det verkeleg berg- og dalbane. Ei informasjonstavle fortel meir om vegen nordover, som mellom anna går gjennom Åsane ved IKEA ( har du sett restar etter vegen der?) og vidare forbi Åsane gamle kyrkje. Eit lite stykke ligg vegen graskledd og fin. Men å sykla på postvegen oppover frå Glasskaret går ikkje. Stien er steinet og ujam, og eg har ein stri jobb med å løfta sykkelen oppover i det ujamne terrenget.

Så lysnar det i enden av skogen, eg må gjennom ei ny grind og oppover på god veg over ein teig med dyrka mark, som ikkje lenger er i aktiv drift. Eg snur meg ved treskiltet med posthornet og teksten "Den Trondhjemske postvei". Ein augneblink ser eg etter etter postmannen og andre vegfarande som gjekk forbi her i eldre tid, men fantasien strekk ikkje til. Sykkel brukte dei nok ikkje.

Med sykkel på båten

I Arna kan vi sykla til toget. På Askøy syklar dei til båten, Snarveien. Der kan dei ta med seg sykkel og, ikkje så mange, men dei er lett å få auga på. Ja, dette bør vera ei fin reise til jobben. Sykla i begge endar og ta båten på midten. Det er praktisk at sykkelen kan takast med ombord så ein kan sykla vidare når ein kjem i land. Båten har avgang kvar halvtime, nesten som Arna-toget. Her har båten lagt til kai på Nøstet i Bergen litt før kl. 8. Syklistane er først ute. Er det konkurranse om å koma først fram?

Tidlegare gjekk det ein båt som heitte Beinveien, og den var meir kjent enn denne nye. Eg finn ikkje eingong rutetidene under ruteopplysninga på internett (ruteinfo.no). Her finn eg berre bussen sine rutetider, som er ein alvorleg konkurrent til båten. Selskapet som driv båten skal vera gjenoppstått med det gamle rederinamnet BNR. Kan det vera nokon fordel?

Du Johannes, som vart lei av å reisa med Arna-toget, tek båten. Men brukar du sykkel?

tirsdag, juni 06, 2006

Omveg, transformasjon og MPG

På sykkel innover mot sentrum er det freistande å ta små omvegar for å sjå korleis tilhøva ligg til rette for syklistar som kjem frå andre retningar. Kjem du frå nord, kan du ta turen over Puddefjordsbrua via Michael Krohns gate til Solheimsviken og over Gamle Nygårdsbrua attende til sentrum, ein omveg du kan "tena" + 4 km på i sykkelreknskapet. Over Puddefjorden er det god stigning på brua opp til midten, utsikten er fin, men du må sjå opp for gåande og syklande. Nede i underverda på andre sida kan du velja fleire utgangar. Veggene rikt dekorerte med fargerike, signerte motiv, som etter nokre år snart er blitt klassiske.

Området er eit transformasjonsområde, altså eit område i endring. Var ikkje dette "Blodbyen" for eit par generasjonar sidan. Gamle, fråflytta industrilokale skal no gi plass for nye bustadprosjekt. Eit par bygningar er alt innflytta, nokså typiske eksempel på bustadbygging i sentrale bystrok dei siste åra. Her er det sett av plass til syklane, eg ville også gjerne hatt tak over plassen.

Michael Krohns gate er den gamle hovedvegen frå Laksevåg mot sentrum og Bergensdalen. Ei stund gjekk det ferje frå Laksevåg til Dokken. Kan ei spennande gangbru over sundet ein gong kan bli ein realitet? Det skal det takast meir omsyn til dei mjuke trafikantane, og gjennomgangstrafikken i gata skal dempast. Køyrearealet vert smalare, og ei 300 meter lang strekning er miljøprioritert sone (MPG-strekning på kartet) med fartsgrense 30 km/t. Slik ser planen ut.

Her er litt av den miljøprioriterte sona. Fortauet er gjort breiare, og nokre stader er det sett av lommar for kantparkering. Gangfeltet er plassert på ein fartsdump. Bilane står framleis i tett kø, og det er ikkje plass for utolmodige syklistar i stor fart i køyrebana. Dei må over fortauskanten og sykla på fortauet fram til sykkelfeltet, som tek til lenger framme. Eg saknar eit gjennomgåande, samanhangande sykkelfelt her.

Men dei som sit i bilkøen er sikkert meir misnøgde enn meg. Altså bør eg vera nøgd og heller rosa resultatet, som snart står heilt ferdig. Og for bydelen er miljøgata eit stort pluss.

torsdag, juni 01, 2006

Kampen om resultata

Sykkelcomputer bør du ha, stod det i reklamen, og eg kjøpte ein. Monteringsoppskrifta var lang og innfløkt. Du må ta omsyn til dimensjon på hjul og dekktype når du monterer dingsen, for at computeren skal gje rette opplysningar om fart og lengde. Eg har gitt opp å finstille elektronikken. Uansett kjem det fram tal på displayet i fleire "modus". Fartsmålaren viser i meste laget, og målt lengde er også litt i overkant. Men kva skal eg eigentleg med denne computeren? Er han eit hjelpemiddel til å konkurrera mot seg sjølv ?

Alternativet er å konkurrera mot kollegaer. Det kan vera meir krevjande, hvis du jobbar ein stad der kraftsyklistar og andre treningsnarkomane boltrar seg. Då hamnar du fort eit stykke nede på lista. Eit godt tips er at du er snøgg med å føra inn dine eigne resultat. Det kan pynta litt på plasseringa di, inntil dei andre får lagt inn sine data. På min arbeidsplass er det i år 7 deltakar som har kome gjennom det nålauget det var å oppnå status som registrert deltakar på internett i sykletiljobben aksjonen. Nett no ser denne lista slik ut på min arbeidsplass:

Antall står for talet på dagar deltakaren har registrert sykling som fysisk aktivitet. Hittil har aksjonen vart i 36 dagar, for min eigen del er talet på aktive sykkeldagar kome opp i 21. Talet på km går fram av tabellen...
Den innbyrdes konkurransen skal vera med på å heva nivået på heile laget i konkurranse med andre lag. Men korleis plasseringa på den store lista blir rekna ut går over min forstand. Den skal visst nok vera basert på at aksjonen varer i 60 dagar, som altså vil utgjera 100%. Men resten av prosentrekninga, som bestemmer laget si plassering får vi vel berre godta som den er.
Resultatliste pr. 1. juni. 2006:

http://www.sykletiljobben.no/t2.ASP?wci=wiStatistics&wce=ceSelect&orgelementId=354

onsdag, mai 31, 2006

Snarvegen

Fotgjengarar og syklistar likar snarvegar. Men ofte er det bilen som kan ta snarvegen, og dei mjuke trafikantane må ta omvegen. For forgjengaren er gjerne kortaste vegen på skrå over ei trafikkert gate slik som i Fjøsangerveien / Vestre strømkai utanfor Busstasjonen. Tidleg om morgonen er trafikken framleis relativt liten, og bilane kjem i puljer på grunn av lyskrysset sør for Bygarasjen. Om det er 4+3 køyrefelt med eit rekkverk i midtrabatten spelar liten rolle når ein kan spara nokre sekund på å sleppa å gå omvegen gjennom undergangen lenger framme.

Trafikken har raudt, og gata er nesten rein for bilar lenge nok til at ein fotgjengar trur han har god tid til å kryssa. Men i neste augneblink kjem "Åsgårdsreien". Å kryssa 4 køyrefelt, kor mange skritt treng du - og kor mange sekund? Kvar fotgjengar kryssar på sin eigen måte, enten med ein gong det ikkje kjem bilar, eller når han ser at trafikken må venta på bussar som køyrer ut frå stasjonen. Bybana skal kryssa gata her og skal alltid få grønt lys. Kanskje fotgjengarane også kan få grønt ein gong i framtida?

fredag, mai 26, 2006

Ikkje i dag heller

Dagens sykletiljobben-tur er ei markering av at det er ein månad sidan aksjonen starta 27.april. Skodda ligg berre enno tjukkare over Gaupåsvatnet. Eg skremmer ei kråke som har fått tak i innhaldet i eit bosspann, og blir innhenta av ein meir proff syklist. Sirkusplakatane heng framleis på lyktestolpane her og der, og eit par nye små oppslag er komne opp: "Marsjhelg i Arna" ser det ut til at det står. Ved Langavatnet kjem sola og skodda må trekkja seg attende.

Langavatnet renn ut i Dalaelva, og eit lite stopp ved brua høyrer med. Vidare tek eg sikte på ein roleg tur med innlagt kaffipause på xy-stasjonen i Åsane. Der kan eg konstatera kva oppslag avisene har. Eg unner meg ein liten omveg gjennom Åsane senter, som ikkje skal livna til på fleire timar enno. Men slik er det ikkje. Det er no IKEA-varene kjem. Fleire trailarar er i ferd med å manøvrera seg inn på plassen for å gjera klar til avlessing. Klokka er 06.45. Fredag startar salget står det, altså i dag. Ved Arken står ein byggjekran, kva no det skal bety. Litt av kvart å få med seg tidleg ein morgon, både av smått og stort, men eg skal vidare.

I det eg trillar nedover gjennom Tertneskrysset, framleis med kaffikoppen i handa, der kjem han, sykkeltravaren, han som eg prøvde å hengja på 5.mai. Eg brukar å ta venstre sida, som har fortau her. Han brukar sjølvsagt køyrebana. Dermed er han langt nede i bakken før eg får plassert koppen i sykkelveska og kan auka farten. Eg skimtar han framleis så vidt framme langs med golfbana. Rundt svingane i Ervik held eg god fart, og ved båthamna i Eidsvåg ser eg han framleis der framme i neste sving.
Men no vert det motbakke. Han snur seg ikkje, men krøkjer seg fram over styret. Sjølv om eg no har vore på sykkelen i 1 time og 20 min., meiner eg å krefter nok til at han ikkje skal få særleg større forsprang. No kjem og "den store syklisten", som det ikkje nyttar å prøva seg på. I dag snur han seg og helsar "gomåren", som om han vil gje meg ei oppmuntring. Når eg rundar Eidsvågneset og ser framover mot Lønborg, er både han og Rolf'en ute av syne. I siste bakken opp til busstoppet ved NHH gulpar eg kaffi og greier ikkje å halda oppe farten. Men no veit eg korleis det skal syklast for å koma snøggast mogleg gjennom sentrum. Kanskje eg kan spara nokre sekund der. Men eg ser ikkje snurten av Rolf'en før eg let heisen stoppa på veg opp for å sjå om han er på plass. Der kjem han i døropninga, enno ikkje ferdig skifta, men likevel. Eg var ikkje langt etter i dag, du.

Hypotesetesting

Kva er mest interessant: sykkel eller handlevogn? Det kan du testa ved å sjå ned i Dalaelva i Åsane. For min eigen del ville eg ha satsa på sykkelen. Handlevognene bør kjøpesenteret ta seg av. Den 23.mai kunne eg telja 4 handlevogner og 1 sykkel nede i elva mellom Mega og Gaia. Sykkelen låg under vatn, men den siste av handlekorgene hadde ikkje sklidd ned i elva.

Dagen etter er situasjonen endra. Sykkelen er fiska opp på det tørre, men handlevogna er skubba uti. I går var det helgedag, men i dag skal eg få sjå om det har skjedd noko meir. Spenninga stig i det eg nærmar meg brua over elva. Min hypotese er at når sykkelen er teken opp av vatnet, er sjansen større for at han blir henta, enten av den som fiska han opp eller av andre. Den gule fargen er sikkert også eit pluss. Men handlevognene er truleg av liten interesse.
Ja, og slik er det. Sykkelen er vekke. Som syklist synest eg dette var positivt. No spørst det berre kva skjebne handlevognene og dei to pallane skal få.

Ny skiltforskrift

I dag er eg tidleg ute og tykkjer det kan vera greit å ta eit bilete av Øyrane Torg no når senteret ligg der heilt stille og parkeringsplassen er tom. Men kva er det med logoen til senteret?

Minner ikkje hanen i logoen om skiltet for gardsmat som dei viste på Dagsrevyen i går. Dei nye skilta skal vera å finna på internett vegvesen.no, men der vert eg vist vidare til Lovdata: FOR 2005-10-07 nr 1219: Forskrift om offentlige trafikkskilt, vegoppmerking, trafikklyssignaler og anvisninger (skiltforskriften). Her finst det utruleg mange skilt, og nokre av dei kan ein ikkje forstå utan å pugga kva dei betyr. Under kapittel 7 finn eg det:

Skiltet er det einaste som skal tre ikraft straks! Er det nokon som kan svara på kvifor akkurat dette skiltet er så viktig at det må ta til å gjelda før forskrifta trer i kraft? Bør Øyrane Torg utnytta likskapen med skiltet og ta i bruk slagordet:
Øyrane Torg - Senter for gardsmat og bygdeturisme. Eg berre spør, før ferda går vidare mot Åsane.

tirsdag, mai 23, 2006

Vassdrag med tiltrekningskraft

Vassdrag nær kjøpesentra har ei særleg tiltrekningskraft på henslengte handlevogner. I det eg passerer brua over Daleelva midt i Åsane mellom Mega og Gaia ser eg eit nytt tilfelle, meir synleg enn det eg har sett i nærleiken tidlegare. Synd at denne stakkars elva som renn gjennom heile Midtbygda skal tilgrisast på denne måten. Og jammen ser eg ikkje enno meir. Her er 2, 3, nei 4 handlevogner nede i elva, ein fin sykkel og eit par trepallar.

Dalaelva har vore i fokus fleire gonger tidlegare. Dalaelvens venner fekk miljøprisen i 2001. Og no har Bergen kommune har lagt fram ein omfangsrik vassdragsplan med høyringsfrist i mai 200? Planar finst, men skal kommunen måtte ta ansvar for dette? Eg syklar vidare, men kjem nok til å sykla forbi her i spenning fleire gonger. Kva seier du til dette Tom?

mandag, mai 22, 2006

Sykkelbru eller undergang?

Transportsyklistar likar seg best på ein god sykkelveg som tek den kortaste linja mellom start og mål, er høveleg flat, har god asfalt og er utan hindringar. Altså er eit nedlagt jernbanespor ein idell sykkelveg. Der sykkeltrafikken har fått prioritet på ei lengre strekning, kan det kan verta flyt i syklinga, og sykkelen kjennest som eit utruleg effektivt transportmiddel. På sykkelvegen frå Midtun skule til Hop og vidare innover mot Fjøsanger er det mogleg å oppnå denne suverene kjensla. Sykkelbrua over Fanavegen er med på å forsterka denne opplevinga.

Ved Fjøsanger har ein ikkje klart å få til den same flyten i sykkelvegen ved kryssing av bilvegane. Her tek sykkelvegen først ein tur ned i ein undergang og litt lenger framme opp i lufta på ei bru over hovudvegen. Undergangar er ei utfordring både i høve til tryggleikskjensle og vedlikehald. Vatn, grus og slam har lett for å samle seg her. Men er du kunstinteressert kan grafittidekorasjonar i undergangar vera ei oppleving dersom dei blir respektert. Her på Fjøsanger fann eg nellom anna denne veggdekorasjonen. Du har sikkert sett noko liknande andre stader.

Så kva er best? Ingeniørskunsten i brukonstruksjonane eller veggmaleria i katakombene?

lørdag, mai 20, 2006

Clear Channel

Clear Channel Norway ville tilby tenester til Bergen kommune i form av offentlege toalett, bymøblar og utleige av bymiljøsyklar mot retten til å nytta reklame på kommunen sine eigedomar. På internett har Clear Channel opplyst kva 3 norske byar betalar for bysyklane.Sykkelordninga kan vera grei nok for dei som treng ein sykkel for å koma seg fram og attende mellom sentrale delar i bykjernen, men ikkje for oss som skal sykla til og frå jobben. Vi vil derimot ha gode innandørs sykkelparkeringsanlegg. Ein folkeaksjon mot reklameforsøplig av bymiljøet førte til at kommunen ikkje godkjende avtalen med Clear Channel. Selskapet tener godt på reklamen andre stader, dei hadde ei omsetning i 2005 på 260 mill. kr. Dei har bymøbelavtalar med 25 norske byar, NSB, OSL og store kjøpesenter.

Og slik ser det ut framfor Bergen Storsenter. Reklamen på veggen er der, men ikkje syklane. Her sleng det likevel ein og annan privat sykkel i sykkelstativet framfor senteret. På veggen rullar plakatane opp og ned med jamne mellomrom, står der i 5 sekund og forsvinn att. Vendela var på plakaten i forrige veke, no er ho visst nok tatt av.


fredag, mai 19, 2006

Langs vegkanten

Nyasfaltert veg er lett å sykla på. Men asfaltkanten kan bli farleg stor, og då gjeld det å ikkje komma for nær kanten. Møter du eit par bilar og må balansera bortover vegkanten der ei slukrist ligg som her, er risikoen stor for bråstopp og kolbøtte ned i grøfta.

Legg merke til at staden faktisk er diskret merka men ein blågrøn stolpe, for dei som veit kva det skal bety. På neste bilete skal du sjå kor djup denne sykkelfella faktisk er.

mandag, mai 15, 2006

Det var ikkje meg

På veg til jobben i dag hadde folk høyrt i spenning på radioen at ein syklist var skadd på Garnes. Det var ikkje meg. I bt.no er meldinga framstilt slik:
Nyttar samstundes høvet til å opplysa at nærbutikken som er vist på biletet vart nedlagd påskeafta 2006. Staden ligg nok nærare Seimsmark enn Garnes. Vi har derimot ein annan nærbutikk på sjølve Garnes, Coop Marked, ein km lenger ute.

fredag, mai 12, 2006

Sykle til barnehagen

Det er tidleg på morgonen. Eg er på veg til stasjonen og syklar rett forbi ein nyopna barnehage, som ligg klar til å ta fatt på dagens utfordring. Husmødrenes barnehage, opningstid 7-17, 78 barn har fått plass, det er venteliste. Interessant utforma bygning av arkitekt Erik Molden. For få dagar sidan var dette eit travelt anleggsområde. No har forvandlinga skjedd. Ein ferdig, nyopna bygning med leikeapparat utanfor og det heile.

Den sentrale plasseringa gjer det mogleg å sykla til barnehagen, levera "poden" der, og så trilla ned til stajonen for å ta toget til jobben i byen. Med sykkel kan du ta beinvegen frå "bommane" via barnehagen til stasjonen. Med bil er det ein omveg, først på hovudvegen ned til rundkøyringa på Øyrane, så attende på gamlevegen opp til barnehagen, parkere og snu, attende til rundkøyringa, forbi stasjonen og rundt på andre sida der parkeringsplassen for dei som tek toget ligg. Minuttane går fort på den måten. Nei, set heller eit barnesete på sykkelen og ta beinvegen.

torsdag, mai 11, 2006

Ei påminning

No i finværet har vi nesten gløymt ekstremværet som herja i fjor. Ei av dei alvorlege hendingane skjedde ikkje så langt herifrå. I vegkanten i Blindheimsdalen ser eg spor etter lite jordskred, der vassmetta jordmassar har sklidd ned i bekken som renn langs vegkanten her. Når store skred av denne typen oppstår nær busetnad eller fører til at elvar og bekker fløyomer utover vert det farleg. Bergen kommune har sett i gang ei omfangsrik kartlegging av risiko og sårbarheit (ROS-analyse). Les meir om dette på kommunen sine nettsider her.

onsdag, mai 10, 2006

Sjå på lyktastolpane!

Lyktastolpar langs vegane kan brukast til så mangt. Særleg når stolpane står langs vegar der folk ferdast til fots eller på sykkel. Stolpane har lange tradisjonar som plakatsøyler på bygdene. Her kan bodskapen om møter og arrangement bankast inn på stolpe etter stolpe. Gamle og nye, små og enkle, store og fargerike er plakatane. Bedehus, sirkus eller dagmamma? Litt av kvart for ulike behov. Her er mykje informasjon som bilistane ikkje får med seg. Og jammen er det ikkje ein plakat for syklistar der og, bakom ein rivna sirkusplakat. I det eg rundar Eidsvågneset er eg i alle fall ikkje tvil om at sirkus Arnardo skulle ha forestilling på Bergen Travpark i Åsane. Minst 10 gonger har eg sett plakaten i dag, og eg har gått i surr med teljinga.

I byen er det reglar for oppsetting av plakatar for dei som kjenner til det. Her skal plakatar kun setjast opp på spesielt utforma plakatsøyler. Den som set opp plakat har også ansvar for å ta han ned, hvis ikkje plakaten i mellomtida er dekka av ein annan.

fredag, mai 05, 2006

Sykkeltravaren

Aksjonen "sykle til jobben" blir arrangert for oss som treng eit spark bak for å bli meir fysisk aktive. Andre ser ut til å finna det heilt naturleg å sykla til jobben. Vi har fleire kolleger i blant oss som syklar ein stor del av året, erfarne travarar slike som deg Rolf'en.

I dag må du ha vore seint ute, for eg var komen heilt til Lønborg før du nådde meg att. Eg bestemte meg for å prøva å hengja på og trødde til med det høgste giret eg har, og ei lita stund såg det ut til at eg greidde å halda same farten. I det nye sykkelfeltet i Helleveien er det lett å halda stor fart, ei stund godt over 30 km/t. Ved ein busshaldeplass peisa du lett forbi ein buss som stod der, medan eg fann det tryggast å bremsa litt. I neste lyskryss smatt du over på gult, og då eg var komen gjennom krysset, såg eg at du alt var oppe ved Statoilstasjonen.

Eg skjøna at her hadde eg ingen sjanse, før eg kom til å tenkja på at hvis eg kunne finna ei kjappare rute inne i sentrum, kunne eg ta att det tapte på den måten. Opp med farten att i den lange bakken innover frå NHH og på god fart forbi bomstasjonen. Eg kunne vel ikkje vera så langt bak? Heldt same fart som biltrafikken forbi fotoboksen i Sandviksveien og prøver å oppretthalda tempoet inn til Bontelabo, der eg må ty til fortauet, men ingen Rolf i sikte.

Kva kunne vera snøggaste vegen gjennom sentrum for å unngå å bli hindra av biltrafikk, lyskryss, folk og fortauskantar? Eg kjem på feil side innover Bryggen, men her er lite folk så eg prøver dra fordel av situasjonen ved å stikka inn Kong Oscars gate. Etter eit par effektive sykkelmanøvrarer er eg litt optimistisk, men framme ved Strømgaten kjem eg ikkje over før det vert grønt. Er han alt komen? I ekspedisjonen kan dei stadfesta at det er han. Han må ha teke vegen over Torgalmenningen.

Nei, det nyttar nok ikkje for oss amatørar å ta opp konkurransen med dei røynde sykkeltravarane . Ein får konkurrera med seg sjølv.

PS. Starta frå Arna stasjon for å kunne ta bilen derifrå i ettermiddag. Avstanden til jobben er då 28 km. Tida det tok: 1 t 40 min. Er det ny fartsrekord?

onsdag, mai 03, 2006

Ein avstikkar på sykkel

Eg er på veg innover Sandviksruten og passerer Handelshøgskulen. Sentrum 4,8 står det på skiltet. Men det er berre 3,8 til internasjonal, kvar er vel det? Danskebåten, ja. Eg kan ta båten til Hanstholm etter ei økt på jobben først og vera framme neste morgon. Det er berre å sykla nokre km sørover bak sanddynene til Klitmøller. Frukost på ein enkel kafe ved stranda der. Vidare til lunsj på torget i Thisted. Litt sentrumsvandring, skygge unna ei truande regnbyge, og så attende til middagen i Hanstholm. Ein får matlyst av å sykla. Framleis er det nok tid til båten går heimover og lugarkøya som ventar. Neste dag er det kort veg frå Skolten og bort på kontoret. Opplevinga kjem attende som ein draum, men den er sann. Sjekk i rutene. Arbeidsveka blir litt kortare på denne måten.

tirsdag, mai 02, 2006

Sykle til stasjonen

02.05.
I dag stoppar sykkelturen i sykkelstativet utanfor Arna stasjon. Eit lite stativ mynta på ein liten minoritet av avvikarar? som av ein eller annan grunn ikkje brukar andre transportmidlar til stasjonen. Her er det plass til eit betre sykkelstativ, gjerne i form av ein sykkelgarasje slik vi veit dei har andre stader, til dømes i Odense i Danmark. Der vrimlar det av syklar både i eigne parkeringshus og på plassen utanfor stasjonen.

"Toje" som står på perrongen er av den nye sorten. Det er berre å finna seg ein plass. Ventetida forsvinn når du kan setja deg ombord i toget med ein gong. Dette er ei bybane med høg standard. Eiga vogn for månadskortreisande der ein som regel slepp å ta fram kortet for kontroll. Komfortabelt ombord, gode seter og rikeleg plass til alle. Frå stasjon til stasjon på nokre få minutt. Turen til byen blir nesten litt for kort.

Det nye togsettet har eiga austlandsk NSB-damestemme og display over dørene med informasjon om reisa, nett som på Gardemobanen. Ta ein tur med dette toget, så får du høyra: "Første stasjon er Bergen. Dette er togets endestasjon". Tenk at vi får vita det og sjølv når toget er eit lokaltog som startar frå Arna. Ein blir i godt humør av mindre.

PS. På heimturen var vognmateriellet av det meir ordinære slaget.

torsdag, april 27, 2006

Greinknusaren

27.04.06 kl. 07.40
Eit uhyrleg vesen med stor kjeft går laus på busker og trær og set spor etter seg langs vegane i Åsane i dag. Her har han nettopp vore på ferde ved golfbana.

PS . Var det omtrent slik han såg ut?