fredag, juni 16, 2006

Full retrett

Avstanden til jobben er kortare om du syklar Grimesvingane, seier Aksel, ein dag eg møter han på Arna-toget. Frå Helldal kan du ta vegen opp i Sædalen, er forslaget hans. På kartet finn eg ut at her kan det vera ca. 3 km å spara. Men kva med Grimesvingane? Det blir ei utfording. Her må det vera viktig å velja eit tidspunkt med lite trafikk.
I dag skal det skje. Ruta må prøvast. Eg tek sykkelen med på bilen for å vera tidleg framme der problemstrekninga er. Grimevatnet ligg der idyllisk og stille i morgonsola.

Skal eg ta sykkelen og setja igang? Trafikken er stor, og eg finn det tryggast å bruka bilen på ein rekognoseringstur bort til Grimen Camping før eg tek fram sykkelen. På ein del av strekninga er det faktisk gul stripe, men vegen er svingete og uoversiktleg. Å ta seg fram på sykkel med den trafikken som er her no, ser farleg ut. I ein sving finn eg ei lomme å stoppa i. Klokka nærmar seg 7, og tunge lastebilar, ein buss og ei rad matpakkekøyrar dundrar forbi. Brått skvett eg til. Mellom ein serie med bilar kjem ein vågal syklist i god fart langs vegkanten. Dette nærmar seg ekstremsport, og det har eg ikkje erfaring med.

For min eigen del er konklusjonen klar. Full retrett. Ta heller toget til byen!
Langs vegen attende til Arna stasjon ligg Haukeland stasjon. Stasjonsbygningen er i god stand og er ein attraksjon for dei som tek ein tur med Gamle Vossebanen. Eit sjølvsagt spørsmål melder seg. Kvifor må veterantoget gå heilt til Midttun og leggja beslag på ein skinnegang som er hardt tiltrengt som gang- og sykkelveg. På Midttun finst det ingen stasjonsbygning. Stasjonen på Haukeland er ein mykje finare endestasjon for veterantoget. Det er på tide at også jernbanen gjer full retrett på strekninga langs Grimevatnet.


Jernbanesporet mellom Haukeland og Midttun må bil gang- og sykkelveg. Dei høge kostnadene gjer andre alternativ heilt urealistiske. Sykkelturen langs Grimevatnet vil bli ei oppleving. Vegen vil bli eit suverent tilbod for dei som bur der, for dei som syklar til jobben og andre som vil ta turen "Ulriken rundt" på sykkel.

1 kommentar:

Anonym sa...

Enig!