torsdag, april 27, 2006

Greinknusaren

27.04.06 kl. 07.40
Eit uhyrleg vesen med stor kjeft går laus på busker og trær og set spor etter seg langs vegane i Åsane i dag. Her har han nettopp vore på ferde ved golfbana.

PS . Var det omtrent slik han såg ut?

tirsdag, april 25, 2006

Sykkeldagbok - til jobben


Garnes - Bergen på sykkel.
Her skal eg skriva litt om daglege inntrykk frå sykkelturen mellom Garnes, der eg bur, og jobben i Bergen sentrum. Sykle-til-jobben-aksjonen www.sykletiljobben.no tek til om eit par dagar. Difor må eg ta ein prøvetur, for å sjå om eg er kvalifisert til å delta i årets sykkelsaksjon.

24. april 2006.
Tidleg oppe, det er ein lys og fin morgon. I sykkelveska har eg pakka det som trengst. Eg startar frå Garnesstølen og syklar den øvre leia innover mot Indre Arna. I Seimsmark stoppar eg for å ta det første biletet. Klokka er 06.14.

Asfalten på vegen er ujamn og lappa. Her er det også fartsdumpar, for gjennom dette bustadområdet bør ikkje farten vera stor. Sjølv om mange har bygd garasje og laga seg parkeringsplassar i seinare år, må mange av bilane her stå langs vegkanten. Medan eg står der kjem ein morgonfugl som startar opp bilen og køyrer avgarde. Enten skal han langt, eller så byrjar han tidleg.

På vegen innover til Indre Arna går det lett, men eg må bremsa, for her er fleire dumpar i nedoverbakkane. Må løfta baken frå setet både her og der. Eg treng ikkje sjå meir på klokka om kor lenge det er att til toget går. Eg brukar vanlegvis å ta lokaltoget til byen som går frå Arna kl. 06.43. Men ikkje i dag. På toget kan det bli ein prat med Markvard, som oftast har "fast plass" i fremste vogna. Han er trufast syklist frå Garnes til stasjonen. Dessutan har han ein annan sykkel parkert på stasjonen i byen som han brukar vidare til jobben sin på Nordnes. Praktisk.

Her er eg kommen til dei velkjende "bommane" i Arna, som er ei rundkøyring der veterantoget, Gamle Vossebanen, kan passere gjennom. Litt bortanfor ligg Gamle Arna stasjon. Lite trafikk enno. Nede ved vågen ligg Øyrane Torg og stasjonen. Tek snarvegen gjennom neste rundkøyring ved bydelssenteret - litt til venstre mot køyreretninga og framover mot høgre. Ikkje gjer det hvis du ser ein bil på vegen! Eg prøver å ikkje sjå etter sykkelstativet på utsida av stasjonen. Med toget kunne eg ha vore på jobben litt over klokka 7.00. I dag får vi sjå kva klokka kjem til å bli.


Så snur vegen utover på andre sida av Arnavågen mot Ytre Arna. Har kan eg velja gamlevegen. Lenger oppe tek trafikken på hovudvegen mot Åsane til å gje lyd frå seg. Vegen min er nyleg asfaltert og ligg fint i terrenget med dyrka mark heilt inntil. Det har vore nattefrost. Ute på vågen ser eg teikn til isflak. Lenger framme anar eg at nokre solstrålar snart er i ferd med bryta fram frå aust.

Eg nærmar ned Ytre Arna. Ein tettbygd industristad som tidlegare var full av liv. Dei store fabrikkbygningane står tett nede ved sjøen og oppover langs elva. Fleire arbeidsfolk skulle ha vore på veg til jobben her. Staden ber preg av at dei fleste tidlegare budde i gangavstand til arbeidet sitt her.

Sentrumsbygningen har heile 9 etasjar. Her held Prix'en stand, men borte i gata står eit butikklokale tomt. Kulturhuset "Sentrum" ligg godt synleg mot gata i begge retningar. Bergen kommune har starta arbeidet med ein reguleringsplan for gatetunet. Spennande.

Så må eg trø til, men det går sakte oppover til undergangen ved hovudvegen- E16 mot Åsane. Her kjem eg snart fram til den idylliske morgonstemninga ved Gaupåsvatnet. Der sola held på å få tak, lettar skodda. Ein kort pause må eg unna meg. Vatnet er blankt og stilt.

Vegen buktar seg innover mot Gaupås, over den vesle brua lenger inne er ein busshaldeplass utvida, ikkje akkurat etter vegnormalane, men greit nok. Ein bonde har vore ut og spreidd gjødsel, det kjennest. Området ber preg av entreprenørskap. Eit par trailarar køyrer ut, andre har mindre firmabilar som startar opp til ein ny arbeidsdag. Møter ein morgonsyklist med kraftig bart, sikkert på veg til jobben han og.

Innover Blindheimsdalen ligg morgondisen tjukk. Her når ikkje sola ned enno på ei stund. Trafikken oppe på hovudvegen skjemmer ikkje stemninga langs med vegen og markene nede i dalen. Skimtar fleire av gardsbygningane når eg kjem nærare. Ein løevegg langs vegen er kledd med brake. I siste bakken lenger framme hastar eit par bilar forbi, før eg kjem inn på sykkelvegen som går parallelt med hovudvegen vidare fram til Vågsbotn.

No er eg på veg inn i Nyborgområdet. Etter eit lite stykke på fortauet kan eg halda fram på gang- og sykkelvegen før den svingar inn ved Essostasjonen. Klokka er 7.14. Bak næringsbygningane lenger framme kjem det nye IKEA varehuset. Blir det synleg herifrå eller ikkje? Kor stor blir IKEA-logoen? I bakgrunnen kjenner eg att dei noko malplasserte "naustbryggene " oppe i Myrdalsskogen. Åsane gamle kyrkje ligg nærare. Ho er bygd opp att etter ein brann. Var det Greven som .. ?

Eg syklar bak Mega-butikken, over ei trebru og finn Daleelva, som er kanalisert gjennom eit grøntdrag. Fin, men kort passasje utan forstyrrande trafikk, men sjølvsagt skimtar eg raserte handlevogner nede i vatnet. Kom og rydd opp her! Det tek ikkje lang tid å fjerna det mest synlege skrotet.

Ved golfbana må eg ta eit bilete, mest for å visa kva veg eg syklar og korleis det er tilrettelagt. Her er gang- og sykkelveg eit lite stykke med rekkverk mot bilvegen. Vidare innover mot Eidsvåg vekslar det mellom fortau og manglande fortau.

Frå Eidsvåg mot Eidsvågneset er det motbakke, mykje meir motbakke enn ein skulle tru. Det er først når du syklar at du merkar kvar det er motbakke. Her blir eg passert av fleire meir proffe syklistar. Store energiske mannfolk som må markere at dei kan køyra på høgt gir. Mange har ryggsekk. Det er vel ikkje så godt å sykla med. Det er innført 30-sone på denne strekninga, så syklisten kjenner seg ikkje så uttrygg sjølv når ein blir forbikøyrt av bussar og møtande bilar.

På Lønborg møter eg sykkelfeltet som vart opna i snøbygene før jul. Innbydane med kraftig oppmerking og ny asfalt. Her kan eg setja opp farten.

Lenger inne må eg vingla meg litt framover. Var det snøen som gjorde at det er blitt litt slalomløpe her, du Margreta? Nei, sjølvsagt ikkje. Det er blitt lovleg å parkera langs vegen og. Her er planlagt for minst to fluger i ein smekk.

Og før eg veit ordet av det trillar eg bortover Bryggen. Dei første seglbåtane ligg ved kai, men så lenge sola ikkje er komen, er aktiviteten bortover kaikanten liten.

Jau, å vera kommen til byen før sola står opp er bra. Då er vel ikkje klokka blitt så mykje heller. No får eg selskap med andre morgonsyklistar, sjølv om det ikkje vrimlar av dei. Eg trur det var Anne Kr. eg møtte ved lysverket, og ialle fall Inge, men då hadde eg sett frå meg sykkelen.
På flexi-skjemaet står det: inn 08.40. Og på Gaupås har sola varma lenge.

Litt om heimturen her.