onsdag, juni 21, 2006

Bergen

Eg er klar for ferietur til sørlegare strok, og tek med nokre glimt frå min eigen ferieby, som på mange vis har mykje å by fram. På bekkalokk ser eg Bryggen, Bergenhus, Statsråden, Fløibanen og Ulriksbanen inngravert. Her er mykje å vera stolt over.


Turisten, fotgjengaren og syklisten legg merke til desse detaljane. Ikkje minst betyr fortauskantar og gatebelegg mykje for korleis ein opplever kvalitetar på staden ein er. Som syklist er eg glad for at fortauskantar og rennesteinar ved gangfelt og andre kryssingspunkt er nedsenka og utforma med tanke på oss som brukar hjul.

På bussperrongane i Olav Kyrresgate har ein til dømes mønster i gatesteinen å sjå på hvis ein må venta litt, og i byparken er det nyleg kome ny grus, maisgrus heiter det kanskje. Her vert det arbeidd med å gjera ferdig området rundt Musikkpaviljongen. Grusen ser ut til å verta "limt" til underlaget med eit slags asfaltlim.

Får eg sjå like fine kvalitetar i Barcelona, Port la Nouvelle, Montpellier, Collioure, Pineda de Mar og andre feriestader i sommar?
Har nokon av desse stadene like fine bekkalokk som Bergen?

Link: Ferien 2006

fredag, juni 16, 2006

Missing link

Retretten frå i dag tidleg var ikke lett å akseptera. Nytt forsøk igang på kveldtid, denne gongen med suksess. Gjorde unna turen Arna stasjon-Espeland - Bratland - Helldal - Sædal -Landås - Bergen på 1 time og 23 minutt. Aksel hadde rett. Det er kortare enn om Åsane. Utfordringa mellom Bratland camping og Grimen, Grimesvingane, gjekk unna på 4 minutt. På kveldstid litt før kl. 21 var trafikken bakfrå mindre truande. Gangvegen mellom Helldal skule og Sædalen var brutalt bratt. Første stykket opp frå gangbrua og skulenplassen er ei trapp, her måtte sykkelen løftast oppover.

Frå Rimibutikken i Sædalen og inn til sentrum hadde eg ein lett og fin tur. Nådde toget heim med god margin. Men spørsmålet som heng att er: Kva med Grimesvingane, " the missing link" ? Det må finnast ei løysing! Og skal eg våga turen ein gong til? (syklefrajobben søndag 18.juni)

Full retrett

Avstanden til jobben er kortare om du syklar Grimesvingane, seier Aksel, ein dag eg møter han på Arna-toget. Frå Helldal kan du ta vegen opp i Sædalen, er forslaget hans. På kartet finn eg ut at her kan det vera ca. 3 km å spara. Men kva med Grimesvingane? Det blir ei utfording. Her må det vera viktig å velja eit tidspunkt med lite trafikk.
I dag skal det skje. Ruta må prøvast. Eg tek sykkelen med på bilen for å vera tidleg framme der problemstrekninga er. Grimevatnet ligg der idyllisk og stille i morgonsola.

Skal eg ta sykkelen og setja igang? Trafikken er stor, og eg finn det tryggast å bruka bilen på ein rekognoseringstur bort til Grimen Camping før eg tek fram sykkelen. På ein del av strekninga er det faktisk gul stripe, men vegen er svingete og uoversiktleg. Å ta seg fram på sykkel med den trafikken som er her no, ser farleg ut. I ein sving finn eg ei lomme å stoppa i. Klokka nærmar seg 7, og tunge lastebilar, ein buss og ei rad matpakkekøyrar dundrar forbi. Brått skvett eg til. Mellom ein serie med bilar kjem ein vågal syklist i god fart langs vegkanten. Dette nærmar seg ekstremsport, og det har eg ikkje erfaring med.

For min eigen del er konklusjonen klar. Full retrett. Ta heller toget til byen!
Langs vegen attende til Arna stasjon ligg Haukeland stasjon. Stasjonsbygningen er i god stand og er ein attraksjon for dei som tek ein tur med Gamle Vossebanen. Eit sjølvsagt spørsmål melder seg. Kvifor må veterantoget gå heilt til Midttun og leggja beslag på ein skinnegang som er hardt tiltrengt som gang- og sykkelveg. På Midttun finst det ingen stasjonsbygning. Stasjonen på Haukeland er ein mykje finare endestasjon for veterantoget. Det er på tide at også jernbanen gjer full retrett på strekninga langs Grimevatnet.


Jernbanesporet mellom Haukeland og Midttun må bil gang- og sykkelveg. Dei høge kostnadene gjer andre alternativ heilt urealistiske. Sykkelturen langs Grimevatnet vil bli ei oppleving. Vegen vil bli eit suverent tilbod for dei som bur der, for dei som syklar til jobben og andre som vil ta turen "Ulriken rundt" på sykkel.

tirsdag, juni 13, 2006

Sykkelbyen Åsane

E39 gjennom Åsane kløyver bydelen i to. Vegen er bygd etter motorvegstandard og er ein plasskrevjande barriere enten trafikken er stor eller liten. Inn mot bydelsenteret, tvers over vegen, må det byggjast ei gang- og sykkelbru som del av ein grøn tverrakse. Det er utfordringa alle er einige om. Sentrum må knytast betre saman med resten av bydelen, ikkje berre vera ein stad der bilane rår. Slik det er no kan det sjå ut som den grøne aksen er ein 3 m brei midtrabatt inne på motorvegen og eit vegetasjonsbelte på kvar side som fornektar at områda omkring er urbane bystrok på storleik med ein middels stor norsk by.

Sentrumsområdet i Åsane skal tena ein bydel med snart 40.000 innbyggjarar. Halvparten av desse kunne på mindre enn 15 min. ha sykla til bydelssenteret, bussterminalen som ligg der eller til fine turområde i ulike retningar. Potensialet er stort og mange tilhøve ligg til rette, men gang- og sykkelbrua og litt oppmerking elles manglar. Store delar av Midtbygda er flat og godt eigna for sykling. Like eins langs Steinstøvegen til Hylkje, når Eikåstunnelen er bygd. Ta opp utfordringa i Bergensprogrammet! Sjå på prioriteringane på nytt! Sats meir på Åsane! Gjer Åsane til sykkelby! La bydelen og Bergen få noko å vera stolte av her og!

søndag, juni 11, 2006

Sykkelrittet Bergen - Voss

I går gjekk det tradisjonelle sykkelrittet Bergen-Voss. Syklistane passerte Garnes i morgontimane, men eg gløymde å stå klar med kameraet slik eg hadde tenkt. Det ville vore interessant å sjå korleis dei hadde det etter ein god times sykling frå Bergen. I mangel av eige bilete av deltakarane har eg lånt eit arkivforto frå starten i Bergen sentrum. I det varme været er det ikkje rart at mange droppa den svarte, ekle sykkelbuksa denne gongen.

PS. Kan det ha skjedd ei forveksling her?

lørdag, juni 10, 2006

Set bilen i garasjen og bruk sykkelen!


Bilen er komen for å bli, vert det sagt. Bil må dei fleste ha, men ein treng ikkje bruka han til alt. Set bilen i garasjen når du ikkje treng han og bruk sykkelen. Sykkelen er eit utruleg greit framkomstmiddel. Lite plasskrevjande i trafikken og når den er parkert, billeg, kan kombinerast med kollektivtransport og nyttig både til jobben og som trimaktivitet og turkamerat i fritida.
Bilen kan stå heime i garasjen. Bygg ein fin garasje og ta vare på doningen. Hvis du byggjer garasjen sjølv, kan du leggja litt av sjela di i arbeidet, gjerne eit gresk tempel om du vil, eller som som i dette tilfelle. Men er du av dei som vil ha ein dobbelgarasje som det berre er å montera opp, identisk med hundrevis av andre (garasjer.no), er eg meir betenkt. Kvitt deg heller med bilen (ein av bilane) og bruk garasjetomten til noko anna. Plant gjerne ein rhododendron. Om 30 år kan du delta i kokurransen om å ha den største.

fredag, juni 09, 2006

Trondhjemske postvei

I dag ligg jobben i Åsane. I finveret er det freistande å prøva den gamle postvegen med utgangspunkt i Bergen sentrum, gjennom Sandviken og vidare utover. Over Munkebotn er vegen køyrbar med bil. Det var faktisk biltrafikk over her ein gong i samband med at Eidsvågstunnelen vart utbetra. Men når eg er komen forbi Eidsvåg er det slutt på asfalten. I Glasskaret gjeld det å finna rette bakken der postvegen stig bratt oppover. Rundt eit tun og gjennom ei grind, og så er eg inne på den originale, gamle vegen. Innover her er det verkeleg berg- og dalbane. Ei informasjonstavle fortel meir om vegen nordover, som mellom anna går gjennom Åsane ved IKEA ( har du sett restar etter vegen der?) og vidare forbi Åsane gamle kyrkje. Eit lite stykke ligg vegen graskledd og fin. Men å sykla på postvegen oppover frå Glasskaret går ikkje. Stien er steinet og ujam, og eg har ein stri jobb med å løfta sykkelen oppover i det ujamne terrenget.

Så lysnar det i enden av skogen, eg må gjennom ei ny grind og oppover på god veg over ein teig med dyrka mark, som ikkje lenger er i aktiv drift. Eg snur meg ved treskiltet med posthornet og teksten "Den Trondhjemske postvei". Ein augneblink ser eg etter etter postmannen og andre vegfarande som gjekk forbi her i eldre tid, men fantasien strekk ikkje til. Sykkel brukte dei nok ikkje.

Med sykkel på båten

I Arna kan vi sykla til toget. På Askøy syklar dei til båten, Snarveien. Der kan dei ta med seg sykkel og, ikkje så mange, men dei er lett å få auga på. Ja, dette bør vera ei fin reise til jobben. Sykla i begge endar og ta båten på midten. Det er praktisk at sykkelen kan takast med ombord så ein kan sykla vidare når ein kjem i land. Båten har avgang kvar halvtime, nesten som Arna-toget. Her har båten lagt til kai på Nøstet i Bergen litt før kl. 8. Syklistane er først ute. Er det konkurranse om å koma først fram?

Tidlegare gjekk det ein båt som heitte Beinveien, og den var meir kjent enn denne nye. Eg finn ikkje eingong rutetidene under ruteopplysninga på internett (ruteinfo.no). Her finn eg berre bussen sine rutetider, som er ein alvorleg konkurrent til båten. Selskapet som driv båten skal vera gjenoppstått med det gamle rederinamnet BNR. Kan det vera nokon fordel?

Du Johannes, som vart lei av å reisa med Arna-toget, tek båten. Men brukar du sykkel?

tirsdag, juni 06, 2006

Omveg, transformasjon og MPG

På sykkel innover mot sentrum er det freistande å ta små omvegar for å sjå korleis tilhøva ligg til rette for syklistar som kjem frå andre retningar. Kjem du frå nord, kan du ta turen over Puddefjordsbrua via Michael Krohns gate til Solheimsviken og over Gamle Nygårdsbrua attende til sentrum, ein omveg du kan "tena" + 4 km på i sykkelreknskapet. Over Puddefjorden er det god stigning på brua opp til midten, utsikten er fin, men du må sjå opp for gåande og syklande. Nede i underverda på andre sida kan du velja fleire utgangar. Veggene rikt dekorerte med fargerike, signerte motiv, som etter nokre år snart er blitt klassiske.

Området er eit transformasjonsområde, altså eit område i endring. Var ikkje dette "Blodbyen" for eit par generasjonar sidan. Gamle, fråflytta industrilokale skal no gi plass for nye bustadprosjekt. Eit par bygningar er alt innflytta, nokså typiske eksempel på bustadbygging i sentrale bystrok dei siste åra. Her er det sett av plass til syklane, eg ville også gjerne hatt tak over plassen.

Michael Krohns gate er den gamle hovedvegen frå Laksevåg mot sentrum og Bergensdalen. Ei stund gjekk det ferje frå Laksevåg til Dokken. Kan ei spennande gangbru over sundet ein gong kan bli ein realitet? Det skal det takast meir omsyn til dei mjuke trafikantane, og gjennomgangstrafikken i gata skal dempast. Køyrearealet vert smalare, og ei 300 meter lang strekning er miljøprioritert sone (MPG-strekning på kartet) med fartsgrense 30 km/t. Slik ser planen ut.

Her er litt av den miljøprioriterte sona. Fortauet er gjort breiare, og nokre stader er det sett av lommar for kantparkering. Gangfeltet er plassert på ein fartsdump. Bilane står framleis i tett kø, og det er ikkje plass for utolmodige syklistar i stor fart i køyrebana. Dei må over fortauskanten og sykla på fortauet fram til sykkelfeltet, som tek til lenger framme. Eg saknar eit gjennomgåande, samanhangande sykkelfelt her.

Men dei som sit i bilkøen er sikkert meir misnøgde enn meg. Altså bør eg vera nøgd og heller rosa resultatet, som snart står heilt ferdig. Og for bydelen er miljøgata eit stort pluss.

torsdag, juni 01, 2006

Kampen om resultata

Sykkelcomputer bør du ha, stod det i reklamen, og eg kjøpte ein. Monteringsoppskrifta var lang og innfløkt. Du må ta omsyn til dimensjon på hjul og dekktype når du monterer dingsen, for at computeren skal gje rette opplysningar om fart og lengde. Eg har gitt opp å finstille elektronikken. Uansett kjem det fram tal på displayet i fleire "modus". Fartsmålaren viser i meste laget, og målt lengde er også litt i overkant. Men kva skal eg eigentleg med denne computeren? Er han eit hjelpemiddel til å konkurrera mot seg sjølv ?

Alternativet er å konkurrera mot kollegaer. Det kan vera meir krevjande, hvis du jobbar ein stad der kraftsyklistar og andre treningsnarkomane boltrar seg. Då hamnar du fort eit stykke nede på lista. Eit godt tips er at du er snøgg med å føra inn dine eigne resultat. Det kan pynta litt på plasseringa di, inntil dei andre får lagt inn sine data. På min arbeidsplass er det i år 7 deltakar som har kome gjennom det nålauget det var å oppnå status som registrert deltakar på internett i sykletiljobben aksjonen. Nett no ser denne lista slik ut på min arbeidsplass:

Antall står for talet på dagar deltakaren har registrert sykling som fysisk aktivitet. Hittil har aksjonen vart i 36 dagar, for min eigen del er talet på aktive sykkeldagar kome opp i 21. Talet på km går fram av tabellen...
Den innbyrdes konkurransen skal vera med på å heva nivået på heile laget i konkurranse med andre lag. Men korleis plasseringa på den store lista blir rekna ut går over min forstand. Den skal visst nok vera basert på at aksjonen varer i 60 dagar, som altså vil utgjera 100%. Men resten av prosentrekninga, som bestemmer laget si plassering får vi vel berre godta som den er.
Resultatliste pr. 1. juni. 2006:

http://www.sykletiljobben.no/t2.ASP?wci=wiStatistics&wce=ceSelect&orgelementId=354