fredag, mars 23, 2007

Same procedure

Same procedure as last year? I fjor starta sykkelsesongen i slutten av april, i år ein månad tidlegare. Det ser ut til at forsommaren er kommen i mars. Sykkelen har fått litt vårpuss og er klar for sin første tur for året innover til byen. Båtar må også gjerast klar etter vinteropplaget. I båthamna på Festtangen i Arna er det ikkje teikn til liv, men eg skal innrømma at det kanskje er å forlanga for mykje no kl. 06:45 om morgonen.
Neste båthamn er Eidsvåg, nesten ein time seinare. Her er morgonsola kommen, og fleire båtar er på vatnet.

Vel framme i sentrum ser eg at Bergen kommune har skjønt det. Vårpussen av parktrea langs Smålungeren er i full gang. Så no er det berre å stå på, forspranget i høve til i fjor er på ein heil månad. Dette lovar bra, eller bør vi vera uroa over at den tidlege våren skuldast klimaendringa?