Lyktastolpar langs vegane kan brukast til så mangt. Særleg når stolpane står langs vegar der folk ferdast til fots eller på sykkel. Stolpane har lange tradisjonar som plakatsøyler på bygdene. Her kan bodskapen om møter og arrangement bankast inn på stolpe etter stolpe. Gamle og nye, små og enkle, store og fargerike er plakatane. Bedehus, sirkus eller dagmamma? Litt av kvart for ulike behov. Her er mykje informasjon som bilistane ikkje får med seg. Og jammen er det ikkje ein plakat for syklistar der og, bakom ein rivna sirkusplakat. I det eg rundar Eidsvågneset er eg i alle fall ikkje tvil om at sirkus Arnardo skulle ha forestilling på Bergen Travpark i Åsane. Minst 10 gonger har eg sett plakaten i dag, og eg har gått i surr med teljinga.
I byen er det reglar for oppsetting av plakatar for dei som kjenner til det. Her skal plakatar kun setjast opp på spesielt utforma plakatsøyler. Den som set opp plakat har også ansvar for å ta han ned, hvis ikkje plakaten i mellomtida er dekka av ein annan.
4 kommentarer:
Lyktestolpen på bildet har strekkode. Da kan man vel også registrere alle som leser plakatene på en effektiv måte og i neste omgang målrette budskapet i forhold til brukerne.
Ka står det på plakaten om sykkelgjenvinning? Har du teksten til det som står med liten skrift?
Under NYE SYKLAR står det: Merida.no /specialized.no /sportpartner.no /AmericanEagle, Concorde, Look, Joyride . På internett kan du f.eks. skriva: http://www.merida.no
http://specialized.no
osv.
Neders på plakaten står det:
www.sykkelgjenvinning.no Tlf.: 55 32 50 50
Legg inn en kommentar