Dagen etter er situasjonen endra. Sykkelen er fiska opp på det tørre, men handlevogna er skubba uti. I går var det helgedag, men i dag skal eg få sjå om det har skjedd noko meir. Spenninga stig i det eg nærmar meg brua over elva. Min hypotese er at når sykkelen er teken opp av vatnet, er sjansen større for at han blir henta, enten av den som fiska han opp eller av andre. Den gule fargen er sikkert også eit pluss. Men handlevognene er truleg av liten interesse.Ja, og slik er det. Sykkelen er vekke. Som syklist synest eg dette var positivt. No spørst det berre kva skjebne handlevognene og dei to pallane skal få.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar