
I det eg trillar nedover gjennom Tertneskrysset, framleis med kaffikoppen i handa, der kjem han, sykkeltravaren, han som eg prøvde å hengja på 5.mai. Eg brukar å ta venstre sida, som har fortau her. Han brukar sjølvsagt køyrebana. Dermed er han langt nede i bakken før eg får plassert koppen i sykkelveska og kan auka farten. Eg skimtar han framleis så vidt framme langs med golfbana. Rundt svingane i Ervik held eg god fart, og ved båthamna i Eidsvåg ser eg han framleis der framme i neste sving.
Men no vert det motbakke. Han snur seg ikkje, men krøkjer seg fram over styret. Sjølv om eg no har vore på sykkelen i 1 time og 20 min., meiner eg å krefter nok til at han ikkje skal få særleg større forsprang. No kjem og "den store syklisten", som det ikkje nyttar å prøva seg på. I dag snur han seg og helsar "gomåren", som om han vil gje meg ei oppmuntring. Når eg rundar Eidsvågneset og ser framover mot Lønborg, er både han og Rolf'en ute av syne. I siste bakken opp til busstoppet ved NHH gulpar eg kaffi og greier ikkje å halda oppe farten. Men no veit eg korleis det skal syklast for å koma snøggast mogleg gjennom sentrum. Kanskje eg kan spara nokre sekund der. Men eg ser ikkje snurten av Rolf'en før eg let heisen stoppa på veg opp for å sjå om han er på plass. Der kjem han i døropninga, enno ikkje ferdig skifta, men likevel. Eg var ikkje langt etter i dag, du.

1 kommentar:
Nei, ikke nå sykling her nei. Jeg tror ikke jeg eier en sykkel mer heller. Da står den ensom og forlatt i garasjen hjemme hoss hu mor.
Legg inn en kommentar