onsdag, mai 03, 2006

Ein avstikkar på sykkel

Eg er på veg innover Sandviksruten og passerer Handelshøgskulen. Sentrum 4,8 står det på skiltet. Men det er berre 3,8 til internasjonal, kvar er vel det? Danskebåten, ja. Eg kan ta båten til Hanstholm etter ei økt på jobben først og vera framme neste morgon. Det er berre å sykla nokre km sørover bak sanddynene til Klitmøller. Frukost på ein enkel kafe ved stranda der. Vidare til lunsj på torget i Thisted. Litt sentrumsvandring, skygge unna ei truande regnbyge, og så attende til middagen i Hanstholm. Ein får matlyst av å sykla. Framleis er det nok tid til båten går heimover og lugarkøya som ventar. Neste dag er det kort veg frå Skolten og bort på kontoret. Opplevinga kjem attende som ein draum, men den er sann. Sjekk i rutene. Arbeidsveka blir litt kortare på denne måten.

1 kommentar:

Anonym sa...

Har sjekka rutene.Båten ligg i ro i Danmark 3 dagar i veka frå kl. 1000 til 1800, men berre fram til 15.mai og etter 7. september. I sommarsesongen er det berre om onsdagen at båten har nokre timars liggetid i Hanstholm. Men du kan ha full dag på jobben både tysdag og torsdag. Takk for tipset.