Vel framme i sentrum ser eg at Bergen kommune har skjønt det. Vårpussen av parktrea langs Smålungeren er i full gang. Så no er det berre å stå på, forspranget i høve til i fjor er på ein heil månad. Dette lovar bra, eller bør vi vera uroa over at den tidlege våren skuldast klimaendringa?fredag, mars 23, 2007
Same procedure
Same procedure as last year? I fjor starta sykkelsesongen i slutten av april, i år ein månad tidlegare. Det ser ut til at forsommaren er kommen i mars. Sykkelen har fått litt vårpuss og er klar for sin første tur for året innover til byen. Båtar må også gjerast klar etter vinteropplaget. I båthamna på Festtangen i Arna er det ikkje teikn til liv, men eg skal innrømma at det kanskje er å forlanga for mykje no kl. 06:45 om morgonen.
Neste båthamn er Eidsvåg, nesten ein time seinare. Her er morgonsola kommen, og fleire båtar er på vatnet.
Vel framme i sentrum ser eg at Bergen kommune har skjønt det. Vårpussen av parktrea langs Smålungeren er i full gang. Så no er det berre å stå på, forspranget i høve til i fjor er på ein heil månad. Dette lovar bra, eller bør vi vera uroa over at den tidlege våren skuldast klimaendringa?

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar